Sylvi Listhaug hadde fem stoppestadar i Os
Møtte tenestetilbod ho vil sjå meir av, eit firma som gjorde inntrykk og ein starstruck flokk med elevar.

UIA hjelper ungdom med skulevegring over i aktivitet, gjerne i fleire steg, frå henting på soverommet og ut arbeid, på fisketur eller no – gardsdrift.
– Vi har nådd ut til 14 ungdomar (i alderen 13 til 18 år) sidan start for halvanna år sidan, seks av dei var denne veka på skulestart. Vi har tilbod 3–4 dagar i veka, men skulle gjerne hatt meir, både fleire dagar, ettermiddagar og helg, seier dagleg leiar Maria Risnes Nilsen.
Fleire frivillige kan hjelpa. Status som alternativ læringsarena ville òg gitt eit løft.

– Dette er akkurat slike tilbod vi i Frp vil ha meir av, sa Listhaug.
– Ungar lærer ulikt, aktivitet og praktisk arbeid kan vera god arena for mange å kombinera med teoretisk læring.
– Helst skulle tilbodet ha retta seg mot endå yngre barn, allereie frå 5. klasse byrjar det å bli ganske stillesitjande. Det passar ikkje alle. I staden er vi veldig opptekne av å stilla diagnosar og setja ungar på sidelinja.

I Noreg er det 51.000 i grunnskulen som får spesialundervisning.
– Spesielt blant desse bør vi våga å tenkja nytt.

Vil du vite mer om vårt arbeid?
Bli medlem i dag og få tilgang til alle våre tilbud.