Offisiell opning av Bergstø gard: Hyggeleg oppmøte – hyggeleg «fråvær»
Fleire av ungdomane kunne ikkje delta. Årsak? Dei er tilbake på skulebenken.

Mange av dei som møtte på opninga er pensjonerte naboar. Det er dagleg leiar glad for.
Ungdom i Aktivitet gir arbeidstilbod til ungdom frå 13 til 18 år som ikkje kjem seg på skulen, ofte etter først å ha blitt kontakta av foreldra.
Kommunen har hatt eit samarbeid med organisasjonen sidan den i 2024 blei starta.
I starten på juni fekk dei Bergstø gard som base i form av gratis leige av Bjørnafjorden kommune.
I sommar har tilsette og ungdomar jobba på garden, i tillegg har det vore dugnadsøkter med godt oppmøte.
Måndag var det offisiell opning, ei markering open for alle.
Nokre av ungdomane deltok òg, men ikkje alle.
– Seks av ungdomane våre har skulestart i dag. Fleire av dei har vore lenge vekke, to av dei har ikkje vore på skulen på tre år.
Nokre av dei tilsette følgde elevane til skulestart før dei sjølv kunne delta på markeringa.

Å knyta band med dei eldre
Mange av dei som møtte er pensjonerte naboar.
– Det gler meg å sjå! Vi som jobbar her ser kor verdifullt det er for ungdom å knyta band med eldre, seier dagleg leiar Maria R. Nilsen.
– Dei har besteforeldre som dei er veldig glade i, og dei trivst veldig godt når vi er ute på oppdrag hos andre eldre.
Éi av dagens gjestar er Bjørg Bergstø, som vaks opp i huset.

– Vemodig å selja ut av familien, men kjekt at det framleis er eit inkluderande hus, seier Bjørg.
– Det har alltid vore eit ope og raust hus, seier Bjørg Bergstø.
Ho er fødd og oppvaksen i huset. Foreldra, Astrid og Arne, dreiv planteskulen. Mamma Astrid var dessutan aktiv i lagslivet.
– Mor engasjerte seg i lokalpolitikk og i barneforeining, så her var det ofte mange på besøk. Mor hadde òg eit auge for dei som hadde det vanskeleg.
– Det var vemodig å selja garden ut av familien, men eg er glad for at ein organisasjon som hjelper ungdom no skal driva den. Det gjer at det framleis blir eit hus som ofte er ope for mange, også oss naboar.

Butikk og besøk
Organisasjonen tar oppdrag for privatpersonar. Hagearbeid, rydding, enkle snekkeroppdrag og vekk-køyring av boss er eksempel.
150 høner har kome på plass, yttarlegare 100 er bestilt. Garden krev ein del arbeid, men genererer allereie nokre kroner.
– Eggproduksjonen er godt i gang, og vi sel veldig godt.

– Seinare kjem sauar og tre minigrisar. Vi ønskjer etterkvart å bli både besøksgard og kafé, fortel Maria.
Auka stab
Ungdom i Aktivitet hadde til saman seks tilsette, fleire av dei i deltidsstilling.
I går auka dei til sju, då hadde Chris Kytiri sin første arbeidsdag for UIA.
Organisasjonen blir driven av både tilsette og frivillige.
– Vi har rom for mange fleire frivillige! Dess fleire vaksne vi er her, dess fleire dagar og ettermiddagar kan vi gi tilbod til ungdomane, seier Nilsen.
Vil du vite mer om vårt arbeid?
Bli medlem i dag og få tilgang til alle våre tilbud.